Pressemelding
Bryne, 31. august, 2010.
Nye komleforsøk avslører:
Læring går lettare med komler
Testteamet ved kurs- og konferanseavdelinga på Jæren Hotell har utført forsøk med komler over ein lengre periode i vinter og vår. Som kjend, var det og ein lang vinter, så forsøka vart mange. Dette gir oss grunn til å tru at resultata er til å stola på. Og resultata er imponerande. Kurs- og konferansedeltakarar som fekk komle i lunsjen eller til middag, var i snitt 90% meir nøgde enn dei som fekk meir typisk hotellmat. Dei siste 10% var utlendingar.
På spørsmål om kva komla gjorde for læringsutbyttet på kursa, svara samtlege at dei fekk større utbytte. Dette meiner testteamet heng saman med at komla lett sug til seg næring, til dømes frå kålrotstappe eller lammekjøt. Komla vil, frå ho kjem i munnen, starta og påverka etaren slik at ho eller han vert betre i stand til å ta til seg lærdom.
Oppsiktsvekkjande var det og at bare forventninga om eit komlemåltid inspirerte til meir engasjement i dei fleste kursa. Ved eit høve vart ikkje forventninga innfridd. Deltakarane fekk fisk i staden for komle. Dette førte til spontant opprør og lynsjestemning. Den kursansvarlege kunne først pusta ut då servitørane våre kom berande inn med rykande varme komler med Prestårdslam, pølser frå Malmin og Orre, og herlege lokale grønsaker. Dette eksperimentet var så skræmande at det ikkje vil verta utførd att. Men det understrekte at komler er farleg gode motivasjonskjelder.
Dei oppløftande resultata har ført til at Jæren Hotell nå satsar for fullt på komler til alle kurs- og konferansar. Komler til lunsj, komler til middag og med det du ynskjer attåt, anten det er sur mjølk eller sint brus.
For meir informasjon, kontakt Jane Espeland ved Jæren Hotell, tlf. 51771100.






